1.4.14

Hands up

Nidelven stille og vakker du er-i-er... 

Prepple brøla meir enn han song, og det var som om eg ikkje hadde vorte skikkeleg fødd før no. Dei 50-100 framre konsertdeltakarane braut ut i jubel og heiv armane opp i den stinne lufta, stinn av sigarettrøyk og tørris smaug den seigt rundt oss og la seg på golvet ein stad.

Etter kvart vart ein sliten i armane. Eg måtte taka dei ned. Men noko skurra, eg fekk dei ikkje ned. Armane stod fast, som i ein feilslått Sieg Heil sto eg der heilt latterleg og fekta mot usynlege vindmøllar. Det kunne ha vore Lucky Luke som peika på meg med seksløparen og eg stod der med hands up og dirreleppe. Dei høge skrika uroa meg og. Då eg fekk summa meg såg eg at glidelåsa på mi nye, og ikkje så reint lite kule skinnjakke, hadde bora seg langt inn i dei ljose krøllane på jenta framføre meg. Akkurat i det ho snudde seg ropa eg framover "Ikkje snu deg, ikkje snu deg" og begynte på oppflokinga.

Historia fortsett med at eg fløker armane sakte ut av lokkane, kastar nokre blonde hårdottar bak meg og vonar ho ikkje ser dei. At ho kjenner dei er eg ganske sikker på. Så snur ho seg og kikkar meg djupt inn i augene. Så djupt så eg mest kan lukta det kvite inst innunder vippane. "Skal vi kline", spør ho.

Ja, slik fortsett historia, men sant er det ikkje. Kvifor den her siste biten utspelar seg i hovudet mitt gong etter gong anar eg ikkje. For jenta snudde seg berre og kalla meg idiot og snudde seg att. I nok ein time stod eg der og høyrde Splitter Pine, En vill en, og andre slagarar. Og lurde på korleis ho hadde det med blikket mitt i nakken og hårlokkane sine rundt omkring på golvet. Og kva i all verda eg skulle seie når konserten var over. 

23.2.14

Tryllekunstnerfilmanbefalinger

Tøft ord på tredve bokstaver i tittelen, der. Jeg elsker tryllekunstnere. Som liten drømte jeg om å reise til Oslo, ikke for Holmenkollen og slottet og t-bane og Frognerparken og alt det der, men for å besøke tryllebutikken Egelo. Mer om dette et annet sted. Jeg synes til og med det er morsomt å se på overdådige, nesten vulgære illusjonister som David Copperfield. Så derfor må det selvsagt komme en oppsummering på mine fem favoritttryllekunstnerfilmer!

1. The Prestige

2. The illusionist

3. The incredible Burt Wonderstone

4. Death Defying Acts

5. Wizard of Oz

Boblere:
The illusionist
Houdini